• Skip to main content
  • Skip to footer

Voldsfjordkryssing

  • Aktuelt
  • Kvifor bruløysing
  • Om Voldsfjordkryssing AS
  • KVU
  • Brukarmedverknad
  • Kontakt oss

Framsideinnlegg

Nye bruløysingar presentert

Det vart 18. november 2019 presentert nye bruløysingar for kryssing av Voldsfjorden og Dalsfjorden.

For brutraséane over Voldsfjorden er der for begge traséane eitt alternativ med flytebru med skipssluse, og eitt anna alternativ med fast seglingsløp. For Dalsfjorden er det eitt alternativ – flytebru med skipssluse.

Denne rapporten utarbeidd av konsulentselskapet LMG beskriv nye oppdaterte løysingar for brusambanda over Voldsfjorden og Dalsfjorden. Det at grunnteknologien kan brukast identisk for dei to brusambanda dokumenterer at bruløysingane i dei to fjordane vil høve framifrå som pilotprosjekt. Rapporten dokumenterer vidare at investeringskostnadane på flytebruene vil kunne gå monaleg ned.

Bru over Dalsfjorden

Planprogram for bru over Dalsfjorden vart vedteke av Volda kommunestyre i september 2020. Du kan laste ned og lese heile planprogrammet som PDF på lenka under:

Planprogram kryssing av Dalsfjorden 19.06.2020
Bru over Dalsfjorden – Fylkesveg
Bru over Dalsfjorden – Fylkesveg

Bru over Voldsfjorden

Volda kommune har i samarbeid med Voldsfjordkryssing AS utarbeidd planprogram for ferjefri kryssing av Voldsfjorden med bru til erstatning for ferjesambandet Volda – Folkestad.

Planprogrammet for bru over Voldsfjorden vart vedteke av Volda kommunestyre i august 2019. Du kan laste ned og lese heile planprogrammet som PDF på lenka under:

Planprogram. Voldsfjordkryssing.
Bru over Voldsfjorden – Riksvegsamband


Kommunedelplan (KDP/KU) for bru over Voldsfjorden

Denne er straks ferdig og vil bli politisk handsama i Volda kommune i løpet av august/september 2021.

Footer

Voldsfjordkryssing AS

Selskapet sitt hovedføremål – §3 i vedtektene

  • Erstatte ferja Volda-Folkestad – med brusamband over Voldsfjorden
  • Erstatte ferjesambandet Volda-Lauvstad – med brusamband over Dalsfjorden
  • Vere pådrivar for etablering av tunnel-samband mellom vestsida av Dalsfjorden og Vanylven.
  • Les meir om Voldsfjordkryssing AS

 

Siste innlegg

  • Takk til Odd A Folkestad og Ola Krumsvik
  • Medverknadsportal
  • Informasjonsmøte om pågåande prosess «på veg mot KVU»:
  • Styret i Voldsfjordkryssing, 2024
  • Nye bruløysingar presentert

Kontakt oss

post@voldsfjordkryssing.no

Webredaktør: Oddbjørn Følsvik

© 2026 Voldsfjordkryssing AS