Det vart 18. november 2019 presentert nye bruløysingar for kryssing av Voldsfjorden og Dalsfjorden.
For brutraséane over Voldsfjorden er der for begge traséane eitt alternativ med flytebru med skipssluse, og eitt anna alternativ med fast seglingsløp. For Dalsfjorden er det eitt alternativ – flytebru med skipssluse.
Denne rapporten utarbeidd av konsulentselskapet LMG beskriv nye oppdaterte løysingar for brusambanda over Voldsfjorden og Dalsfjorden. Det at grunnteknologien kan brukast identisk for dei to brusambanda dokumenterer at bruløysingane i dei to fjordane vil høve framifrå som pilotprosjekt. Rapporten dokumenterer vidare at investeringskostnadane på flytebruene vil kunne gå monaleg ned.