Det noverande styret i Voldsfjordkryssing AS:
Etter den ordinære generalforsamlinga i Voldsfjordkryssing AS 28. juni 2023 har selskapet følgande styre:
- Styreleiar, Oddbjørn Følsvik
Styremedlemer: - Anita Kragset, Volda
- Ingrid Salt, Volda
- Judith Kvåle, Stadt,
- Kjell Arne Aurstad, Ørsta
- Kristian Sætre, Volda
- Robert Welsvik, Volda
Varamedlemer: - 1. varamedlem Arild Iversen
- 2. Varamedlem Anders Egil Straume
Volda kommunestyret gjorde den 28.01.2016 vedtak om å skipe selskapet Voldsfjordkryssing AS, – og selskapet vart stifta 25.02.2016.
Volda formannskap hadde då utpeika følgjande styre i selskapet:
- Ordførar Jørgen Amdam, styreleiar
- Martin Ola Brænne, styremedlem
- Odd Arne Folkestad, styremedlem. Han hadde og akseptert førespurnad om å virke som dagleg leiar i selskapet.
Sumaren 2016 vart det halde ein open emisjon i selskapet, der det vart teikna 670 nye aksjar. I selskapet vart det no i alt 127 aksjonærar. – Nye aksjonærar var både kommuner, private næringslivsverksemder og privatpersonar, den samla aksjekapital vart på 970.000.
På ekstraordinær generalforsamling 26.08.2016 vart dette styret valgt:
- Styreleiar Ola Krumsvik
- Arild Johannes Iversen
- Margrete Trovåg
- Edvin Dale
- Magni Aa Berge.
Varamedlemer: - Mats Anderson
- Inger Gjengedal.
Då selskapet vart stifta, lydde § 3 i selskapet sine vedtekter slik:
a) Erstatte ferja Volda-Folkestad – med brusamband over Voldsfjorden, finansiert primært med ferjeavløysingsmidlar samt bompengar
b) Erstatte ferjesambandet Volda-Lauvstad – med brusamband over Dalsfjorden, finansiert primært med ferjeavløysingsmidlar samt bompengar
c) Vere pådrivar for etablering av tunnel-samband mellom vestsida av Dalsfjorden og Vanylven.
Selskapet sitt hovedføremål – §3 i vedtektene vart ved vedtak i generalforsamlinga 26.08.2017 endra slik:
a) Erstatte ferja Volda-Folkestad – med brusamband over Voldsfjorden
b) Erstatte ferjesambandet Volda-Lauvstad – med brusamband over Dalsfjorden
c) Vere pådrivar for etablering av tunnel-samband mellom vestsida av Dalsfjorden og Vanylven.
Generalforsamlinga si grunngiving for denne endringa, var at om styret fann andre «finansieringskjelder» i tillegg til ferjeavløysingsordninga, for å få bygd dei nemnde bruene – så hadde styret høve til å arbeide også med dette.
På generalforsamlinga 24.06.2020 blei dette styret valgt
- Styreleiar Ola Krumsvik
- Margrete Trovåg
- Ingrid Salt
- Robert Welsvik
- Anders Straume.
Varamedlemer:
- Mats Anderson
- Sindre Rotevatn.