• Skip to main content
  • Skip to footer

Voldsfjordkryssing

  • Aktuelt
  • Kvifor bruløysing
  • Om Voldsfjordkryssing AS
  • KVU
  • Brukarmedverknad
  • Kontakt oss

voldsfjordkryssing-admin

Takk til Odd A Folkestad og Ola Krumsvik

Voldsfjordkryssing AS takka på generalforsamlinga 27.6.24 av Odd A Folkestad for sin betydelige innsats for å utvikle prosjektet dit det er i dag i nært samarbeid med styreleiar Ola Krumsvik som gikk av som styreleiar i 2023. Deira arbeid har gitt vesentlige bidrag til løysingar og påverknad som vert med i det vidare arbeidet for realisering av prosjektet.

Til venstre: Odd A Folkestad, til høgre: Ola Krumsvik. Foto av Ola Krumsvik: Møre.

Medverknadsportal

Prosjektet «På veg mot KVU» opnar opp for at interesserte kan melde inn sine merknader og spørsmål.

Dette kan gjerast her på sida ved å gå inn i «Medvirkningsportalen».

Informasjonsmøte om pågåande prosess «på veg mot KVU»:

Opptak av informasjonsmøte 6.5.2024 om pågåande prosess «på veg mot KVU»:

Voldsfjordkryssing AS har hyrt inn Norconsult for å gjennomføre grunnlagsarbeidet som er naudsynt på veg mot en KVU, Konsept Val Utgreiing, der en endelig KVU dannar grunnlag for vidare prosess mot gjennomføring av prosjektet. Som ledd i dette arbeidet er brukarmedverknad viktig, både for å informere om prosjektet og prosessen, men også for å få med innspel frå interessentar kring prosjektet. I møtet presenterer Norconsult sitt arbeid så langt, i tillegg til at det vert stilt spørsmål og merknader til prosjektet frå deltakarane i møtet.

Medverknadssportalen finn du her.

Styret i Voldsfjordkryssing, 2024

Selskapet har i 2024 følgande styre:

  • Styreleiar – Oddbjørn Følsvik.

    Styremedlemer:
  • Judith Kvåle.
  • Robert Welsvik.
  • Arild Iversen.
  • Rolf Dyb.

  • Varamedlemer:
  • Edvin Dale.
  • Anders Egil Straume.

Nye bruløysingar presentert

Det vart 18. november 2019 presentert nye bruløysingar for kryssing av Voldsfjorden og Dalsfjorden.

For brutraséane over Voldsfjorden er der for begge traséane eitt alternativ med flytebru med skipssluse, og eitt anna alternativ med fast seglingsløp. For Dalsfjorden er det eitt alternativ – flytebru med skipssluse.

Denne rapporten utarbeidd av konsulentselskapet LMG beskriv nye oppdaterte løysingar for brusambanda over Voldsfjorden og Dalsfjorden. Det at grunnteknologien kan brukast identisk for dei to brusambanda dokumenterer at bruløysingane i dei to fjordane vil høve framifrå som pilotprosjekt. Rapporten dokumenterer vidare at investeringskostnadane på flytebruene vil kunne gå monaleg ned.

Bru over Dalsfjorden

Planprogram for bru over Dalsfjorden vart vedteke av Volda kommunestyre i september 2020. Du kan laste ned og lese heile planprogrammet som PDF på lenka under:

Planprogram kryssing av Dalsfjorden 19.06.2020
Bru over Dalsfjorden – Fylkesveg
Bru over Dalsfjorden – Fylkesveg

  • Go to page 1
  • Go to page 2
  • Go to Next Page »

Footer

Voldsfjordkryssing AS

Selskapet sitt hovedføremål – §3 i vedtektene

  • Erstatte ferja Volda-Folkestad – med brusamband over Voldsfjorden
  • Erstatte ferjesambandet Volda-Lauvstad – med brusamband over Dalsfjorden
  • Vere pådrivar for etablering av tunnel-samband mellom vestsida av Dalsfjorden og Vanylven.
  • Les meir om Voldsfjordkryssing AS

 

Siste innlegg

  • Takk til Odd A Folkestad og Ola Krumsvik
  • Medverknadsportal
  • Informasjonsmøte om pågåande prosess «på veg mot KVU»:
  • Styret i Voldsfjordkryssing, 2024
  • Nye bruløysingar presentert

Kontakt oss

post@voldsfjordkryssing.no

Webredaktør: Oddbjørn Følsvik

© 2026 Voldsfjordkryssing AS