• Skip to main content
  • Skip to footer

Voldsfjordkryssing

  • Aktuelt
  • Kvifor bruløysing
  • Om Voldsfjordkryssing AS
  • KVU
  • Brukarmedverknad
  • Kontakt oss

Om Voldsfjordkryssing AS

STYRELEIAR ODDBJØRN FØLSVIK

Det noverande styret i Voldsfjordkryssing AS:

Selskapet har i 2024 følgande styre:

  • Styreleiar – Oddbjørn Følsvik

    Styremedlemer:
  • Judith Kvåle
  • Robert Welsvik
  • Arild Iversen
  • Rolf Dyb

    Varamedlemer:
  • Edvin Dale
  • Anders Egil Straume

Her kan du lese referatet frå generalforsamlinga.

Volda kommunestyret gjorde den 28.01.2016 vedtak om å skipe selskapet Voldsfjordkryssing AS, – og selskapet vart stifta 25.02.2016.

Volda formannskap hadde då utpeika følgjande styre i selskapet:

  • Ordførar Jørgen Amdam, styreleiar
  • Martin Ola Brænne, styremedlem
  • Odd Arne Folkestad, styremedlem. Han hadde og akseptert førespurnad om å virke som dagleg leiar i selskapet.

Sumaren 2016 vart det halde ein open emisjon i selskapet, der det vart teikna 670 nye aksjar. I selskapet vart det no i alt 127 aksjonærar. – Nye aksjonærar var både kommuner, private næringslivsverksemder og privatpersonar, den samla aksjekapital vart på 970.000.

På ekstraordinær generalforsamling 26.08.2016 vart dette styret valgt:

  • Styreleiar Ola Krumsvik
  • Arild Johannes Iversen
  • Margrete Trovåg
  • Edvin Dale
  • Magni Aa Berge.

    Varamedlemer:
  • Mats Anderson
  • Inger Gjengedal.

Då selskapet vart stifta, lydde § 3 i selskapet sine vedtekter slik: 

a) Erstatte ferja Volda-Folkestad – med brusamband over Voldsfjorden, finansiert primært med ferjeavløysingsmidlar samt bompengar

b) Erstatte ferjesambandet Volda-Lauvstad – med brusamband over Dalsfjorden, finansiert primært med ferjeavløysingsmidlar samt bompengar

c) Vere pådrivar for etablering av tunnel-samband mellom vestsida av Dalsfjorden og Vanylven.


Selskapet sitt hovedføremål – §3 i vedtektene vart ved vedtak i generalforsamlinga 26.08.2017 endra slik:

a) Erstatte ferja Volda-Folkestad – med brusamband over Voldsfjorden

b) Erstatte ferjesambandet Volda-Lauvstad – med brusamband over Dalsfjorden

c) Vere pådrivar for etablering av tunnel-samband mellom vestsida av Dalsfjorden og Vanylven.

Generalforsamlinga si grunngiving for denne endringa, var at om styret fann andre «finansieringskjelder» i tillegg til ferjeavløysingsordninga, for å få bygd dei nemnde bruene – så hadde styret høve til å arbeide også med dette.


Footer

Voldsfjordkryssing AS

Selskapet sitt hovedføremål – §3 i vedtektene

  • Erstatte ferja Volda-Folkestad – med brusamband over Voldsfjorden
  • Erstatte ferjesambandet Volda-Lauvstad – med brusamband over Dalsfjorden
  • Vere pådrivar for etablering av tunnel-samband mellom vestsida av Dalsfjorden og Vanylven.
  • Les meir om Voldsfjordkryssing AS

 

Siste innlegg

  • Takk til Odd A Folkestad og Ola Krumsvik
  • Medverknadsportal
  • Informasjonsmøte om pågåande prosess «på veg mot KVU»:
  • Styret i Voldsfjordkryssing, 2024
  • Nye bruløysingar presentert

Kontakt oss

post@voldsfjordkryssing.no

Webredaktør: Oddbjørn Følsvik

© 2025 Voldsfjordkryssing AS