Vi viser til animasjonen på heimesida som viser kvifor det er store føremuner og byggje ei bru over Voldsfjorden, m.a:
- Køyreavstanden mellom Volda/Ørsta-regionen og midtre og ytre Nordfjord vil bli forkorta med omlag 40 km ferjefri køyreveg. (Mellom Eid, Måløy, Selje, Gloppen, og Bergen)
- Bu- og arbeidsmarknaden for Volda/Ørsta-regionen vil bli utvida med omlag 20.000 personar
- Den korta avstanden til sjukehus og høgskule i Volda vil og vere viktig.
Kva Dalsfjordbrua aleine vil bety trafikkmessig:
Vert denne brua bygd før brua over Voldsfjorden:
- I høve til dagens rutetilbod (rutefrekvens) på ferja Lauvstad-Volda, vil det å kunne nytte ferja Folkestad-Volda gi eit sterkt utvida 24-timars rutetilbod til Volda sentrum (med m.a. Sjukehus og Høgskule)
- Dette vil vere viktig ikkje berre for Dalsfjorden, men og for Vanylven
- Vert brua bygd etter Voldsfjordbrua (eller samstundes med denne), vil Vanylven få omla 75 km kortare bilfri køyreveg til Volda sentrum
- Volda kommune vil verte ferjefri
- Heile Søre Sunnmøre vert kobla saman ferjefritt.